Temaplanen omfattar i alt 53 område fordelt på 9 områdetypar.Bakgrunn for prosjektet er å nå det nasjonale målet om at alle skal ha moglegheit til å drive friluftsliv. Det er derfor viktig å ivareta eit bredt spekter av område med ulike kvalitetar. Som ledd i dette arbeidet skal friluftsområde kartleggast og vurderast med omsyn til kvalitet og verdi.
Planen vart vedteken i formannskapet i sak 93/18 den 7.09.2018.
Følgjande områdetypar er registrert:
|
- Store turområde med tilrettelegging
|
- Leike- og rekreasjonsområde
|
- Store turområde utan tilrettelegging
|
|
|
|
|
Aktuell bruk av kart over prioriterte og verdsette friluftsområde med eigenskapsdata:
- Grunnlag for all arealplanlegging
- Grunnlag for verksemdsarbeid innanfor friluftsliv ma. prioritering av midlar.
- Grunnlag for utarbeiding av søknader om spelemidlar og andre tilskotsmidlar.
- Grunnlag for enkeltsaksbehandling og konsekvensutgreiing.
- Grunnlag for målretta innsats for å betre tilrettelegginga for friluftsliv.
- Grunnlag for målretta forvaltning av friluftsområde.
- Evt. planprosess for etablering av rekreasjonsløyper for snøscooter krev at aktuelle område er kartlagt og verdivurdert, jfr. Nasjonal forskrift § 4 a.
- Kart og eigenskapsdata blir lagt inn i nasjonal base (Naturbase), og data vil dermed kunne bidra til marknadsføring av spesielle kvalitetar kommunen har på dette området.
Dokumenta i saka finn du her: