Avløysarordningane i jordbruket

Beskriving

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium

Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket. 

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere sak. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Sjå søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinene for utbetaling av tilskottet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.

Søknadsfrist

Frist for søknad om tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 20. januar året etter avløysinga. Ved langvarig sjukdom eller ved svangerskap/fødsel kan du søkje så ofte du ønskjer det, f.eks. kvar andre månad. Den seinaste fristen for å levere søknader er tre månader etter den siste dagen i søknadperioden som gjev rett til tilskot. For nærmare avklaring, kontakt kommunen.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

Dette avheng av type avløysing du søkjer om og går fram av skjemaet.

Rettleiing

Du fyller ut eit søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet (sjå nedanfor). Skjemaet kan du også få ved å vende deg til kommunen.

Oppdatert

25.09.2017 19:06:01

Handsamingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68