Fjellstafetten

Fjellstafetten er eit lågterskel turopplegg der vi tilrettelegg for 12 toppturar kvart år frå slutten av juni til byrjinga av oktober. Målet er at flest mogleg kan nytte seg av desse turane, og det blir også arrangert eigen skulekonkurranse. Turgåaren kan fylle ut eit skjema med koder frå toppane. Alle som har gått 10 toppar eller fleire får ein premie. Det blir delt ut T-skjorter til dei som har gått 10 toppar i 5, 10, 15 og 20 år. 

 

Kontaktinfo

Liv Vingdal
Leiar folkehelse og frivilligsentral
E-post
Telefon 97 60 57 55