Informasjon om Fjellstafetten 2024

Bli med på Fjellstafetten! Fine turar for heile familien. Fjellstafetten består av 12 skilta ruter til fine utsiktspunkt. Stafetten pågår i perioden 23.juni til 6.oktober.

Turmåla i 2024

Fjellstafetten 2024 - turmål
Nr. Navn Start-område
1 Raudhamaren (1437 moh) Heimdalsmunnen
2 Fagerdalsknappen (1397 moh) Skreddalen
3 Bitihorn (1607 moh) Stavtjernet/samecampen
4 Nasen på Skaget (1497) Infoplass Langsua/Storeskag
5 Grønekinnkampen (1151 moh) Bitibua/Fjellstølen
6 Gravfjellet, høgste punkt (1174 moh) Yddin Fjellstue
7 Storbergtinden (1014 moh) NB! Vinstervegen
8 Snaue høgde (1058 moh) Etnestølskrysset
9 Øystre Saurshovd (1077 moh) Etnlie
10 Løkjishøvda, høgste punkt (698 moh) Storefoss stadion
11 Rundemellin (1344 moh) Turrsjøen
12 Kalvemellin (1136 moh) Turrsjøen

Registrering av turar

Kvar topp har eige kode som du finn på ei kodetavle på toppen, koda noterast i Fjellstafett-brosjyra. 

Fjellstafetten er også tilgjengeleg i TellTur. Søk opp Fjellstafetten på  telltur.no om du også vil registrere turane dine her. 

Premiar

Alle som har gått 10 toppar eller fleire, får ein turkopp med logo. 

Det blir også delt ut t-skjorter til dei som har gått 10 toppar eller fleire i 5, 10, 15 og 20 år. 

Beste skuleklasse får ein pengepremie. I tillegg er det uttrekkspremiar for barn.

Bilete av fjellet Bitihorn - Klikk for stort bilete Tor Harald Skogheim

Brosjyre, kart og turforklaringar

Fjellstafettbrosjyren kan du laste ned her (PDF, 2 MB)

Kart og turforklaringar kan du laste ned her (PDF, 4 MB)

 

God tur!