Vigslar blir som hovudregel gjennomført på kommunehuset fredagar mellom kl.12.00 - 16.00. Dersom brurefolka ønskjer å gjennomføre vigsel utanom dette tidspunktet eller på andre stadar må dette avtalast særskild med kommunen.
Borgarleg vigsel er i utgangspunktet gratis for kommunen sine eigne innbyggarar. For å bli rekna som kommunen sine eigne innbyggjarar er det tilstrekkeleg at ein av dei to brurefolka har folkeregistrert adresse i kommunen. Prinsippet om gratis vigsel gjeld og for personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.
For brurefolk som ikkje er av kommunen sine eigne innbyggjarar og for vigslar på andre tider enn fredagar kl.12.00- 16.00, eller vigslar som gjennomførast utanfor kommunehuset på Tingvang, vil det bli avtala ein pris for gjennomføring av vigselen. Prinsippet for berekning av kostnadar er dekning av nødvendige, påreknlege meirkostnadar.
Gyldig prøvingsattest må sendast kommunen seinast 4 veker før vigselen skal gjennomførast. Folkeregistermyndigheten utsteder prøvingsattest, prøvingsattesten er gyldig i fire månader frå utstedelse.
Informasjon frå Skatteetaten om ekteskap