I dette skjemaet kan du søke om serveringsløyve.
Jf. serveringsloven sin § 3 må alle som vil gjere seg næring av å drive serveringsstad ha serveringsløyve gitt av kommunen.
Søkjar skal alltid vere den "for hvis regning virksomheten drives", dvs. den som har det økonomiske ansvaret for drifta.
Serveringsstaden skal ha ein dagleg leiar som har det reelle ansvaret for serveringsstaden, dagleig leiar må vere mynding og ha bestått etablererprøven.
Løyvehavar, dagleg leiar og personar som har vesentleg innflytelse på virksomheten, må ha utvist uklanderlig vandel ihht. serveringsloven sin § 6. Person som eier en vesentleg del av virksomheten eller av selskap som driver virksomheten eller som oppebærer en vesentleg den av avkastninga eller i kraft av si stilling som leiar har vestentleg innflytelse på den, vil alltid anses å ha vesentleg innflytelse på virksomheten.
Før søknaden blir behandla skal kommunen innhente uttale frå politi om det ligg føre vandelsmessige forhold som nemnt i serveringslova sin § 6, jf. § 7, eller forhold som av politimessige hensyn gjer det uttilrådeleg at serveringsløyve blir gitt.
Ved overdragelse av serveringssted faller serveringsløyvet bort såfremt det ikkje blir søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter at det ble inngått avtale om overdragelse.
Kommunen skal ta stilling til søknaden så raskt som mogleg og seinast innan 60 dagar.
Dersom serveringsstaden ønskjer å skjenke alkohol må søknad om skjenkeløyve også sendast inn. Ein kan søkje om alminneleg skjenkeløyve i samme søknadsskjema som for serveringsløyve. Følg anvisningane i skjemaet.