Dette søknadskjemaet er meint for innehavarar av ordinært skjenkeløyve som for eit enkelt høve ønskjer å utvide sitt skjenkeområde eller skjenketid.
Skjenkeløyvet gjeld normal for eit bestemt lokale og ein bestemt type verksemd. Jf. alkoholloven sin § 4-2 kan løyvet for eit enkelt høve utvidast til å gjelde også utanfor skjenkelokalet.
Skjenkeområde
Ordinært skjenkeløyve kan for eit enkelt høve utvidast til å gjelde i et tilleggslokale eller på eit uteområde, i umiddelbar nærleik til serveringsstaden. Utandørs skjenkeområde skal vere klart avgrensa og kan ikkje vere i nær tilknytning til trafikerte område.
Dersom det blir søkt om løyve til å skjenke på utandørs område, skal teikning over området sendast inn.
Skjenketid
Det kan søkast om løyve til å utivde ordinær skjenketid for lukka arrangement. Lukka lag betyr at arrangementet ikkje er ope for allmenta.
Vedlegg kan du laste opp til slutt i søknaden eller ettersende per post.
Søknad om utvida skjenkeområde må vere levert seinast tre veker før arrangementet tek til.