Alkoholloven sine krav til styrer og stedfortreder: Jf, § 1-7c
For kvart løyve skal det peikast ut ein styrer med stedfortreder som må godkjennast av kommunen. Som styrer kan berre utpeikast den som har styringsrett over sal eller skjenking, herunder ansvar for å føre tilsyn med utøving av løyvet.
Styrer og stedfortreder må
- vere tilsett på sals-/eller skjenkestaden eller arbeide i verksemda i kraft av eigarstilling
- vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven i alkoholloven
- ha utvist uklanderlig vandel i forhold til alkohollovgivningen og bestemmelser gitt i medhald av den
Kommunen kan krevje dokumentasjon på tilsettingsforhold.
Kunnskapsprøve Bevis for bestått kunnskapsprøve skal sendast inn saman med denne søknaden, enten elektronisk eller ettersendast per post.
Dersom kunnskapsprøve ikkje er bestått på søknadstidspunktet, kan søknad likevel sendast inn. Søknaden vil ikkje bli behandla før kunnskapsprøven er bestått og bevis for det sendt inn.