Planområdet
Planområdet vert avgrensa til nordlege delar av kommunen, frå kommunegrensa til Vang i vest til Vinstervegen ved Øysterli i aust, avgrensa mot statsallmenning i nord og skistadion til Javnlie i sør.
Planavgrensing vist med sort stipla strekFøremål med planen
Formålet med planen er å regulere det eksisterande sti- og løypenettet, for å sikre preparering av løypenettet på vinterstid og på den måten eit føreseieleg tilbod for brukarane av løypenettet. Det blir lagt til rette for eit samanhengande nettverk av stiar og løyper som skal bidra til auka tilgjengelegheit og bruk av friluftsområda, utover dei ferdsels- og opphaldsrettar som er heimla i allemannsretten.
Kommunen vil inngå frivillige avtalar med alle grunneigarane om rett til etablering og drift av eksisterande stiar og løyper. Gjennom å regulere det eksisterande sti- og løypenettet, vil kommunen få heimel for å ekspropriera rett til å køyra opp skiløyper jf. PBL § 16-1 og § 16-2 der vi ikkje får ein varig avtale med grunneigar om rett til å køyre skiløyper.
Formålet ved planen, å regulere eksisterande løypenett, er vurdert til å ikkje medføre eller koma i konflikt med utvalde naturtypar eller prioriterte artar, eller få vesentlege verknader for miljø eller samfunn etter KU-forskrifta § 10, og planen er vurdert til å ikkje omfatta krav til konsekvensutgreiing eller planprogram.
Innspel
Kommunen startar arbeidet med å utarbeide eit forslag til reguleringsplan. I samband med planoppstart er det mogleg å koma med innspel. Høyringsfristen er 4 veker etter kunngjering av planoppstart, med frist 28. april. Innspel kan sendast i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no eller brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Øystre Slidre kommune på telefon 61 35 25 00
eller i e-post til: tosa@oystre-slidre.kommune.no