Revidering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2026-2029

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er eit verktøy for å styre utbygging av anlegg og område med friluftsliv og idrett i kommunen. Kommunedelplanen skal reviderast for åra 2026-2029. Vi ber no om innspel til kommunedelplanen. Frist for innspel er 9.mai 2025.

Dersom dykkar lag eller organisasjon har planer om byggeprosjekt som gjeld idrettsanlegg i perioden 2026-2029 og vil søkje spelemiddel, ta kontakt. 

Her finn du planen

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2022-2025 er lagt ut på biblioteket og i resepsjonen på kommunehuset.

Du kan lese kommundelplanen for idrett og fysisk aktivitet 2022-2025 her i elektronisk format (PDF, 3 MB)

Meir informasjon om anlegg for idrett og fysisk aktivitet finn du på https://anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/ 

Merk at fristen for å søkje spelemidlar i 2026 er noko tidlegare enn vanlig. Søknadane må vere inne til kommunen innan 20.september.

Innspel til planen

Frist får å kome med innspel til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet er 9.mai 2025. 

Innspel kan sendast i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no eller i ordinær post til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.

 

Kontaktinfo

Kari Onstad
Kultursjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 99 69 06 16