Høyring - lokal forskrift om skule- og feriedagar skuleåra 2025-26 og 2026-27

Jf. opplæringslova sin § 14-1 skal kommunen gi forskrift om skule- og feriedagar for elevane (skulerute).  Forskrifta skal kunngjerast i Norsk Lovtidend. Kommunedirektøren har utarbeidd forslag til lokal forskrift om skule- og feriedagar for grunnskulen i Øystre Slidre kommune for skuleåra 2025-26 og 2026-27. Høringsfrist er 14.mars 2025.

Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker og innafor ei ramme på 45 samanhengande veker i året. Det er etablert praksis for at grunnskulane og dei vidaregåande skulane følgjer same skulerute, m.a. for å ta i vare koordinering av skuleskyss, elevfrie dagar og felles ferieavvikling. Forslaget er difor basert på felles skulerute for Innlandet.

Forskrift om skule- og feriedagar er ei lokal forskrift som gir oversikt over skule- og feriedagar for elevar i skulen. Elevane har rett og plikt til å møte på skulen desse dagane.

Forslag til lokal forskrift om skule- og feriedagar

Les forslaget til lokal forskrift om skule- og feriedagar 2025-26 her (PDF, 59 kB)

Les forslaget til lokal forskrift om skule- og feriedagar 2026-27 her (PDF, 60 kB)

Innspel

Innspel kan sendast til Øystre Slidre kommune i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no innan 14.mars 2025.