Kva er nytt?
I høyringsutkastet til beitebruksplanen er det gjort ei enkel revidering, kor mesteparten av teksten frå den tidlegare planen er vidareført. Tala er oppdaterte, og det er inkludert ny fakta og informasjon i samsvar med dagens tilhøve, samt enkelte andre element som til dømes nytt beitelag, at stølskulturen er innført på UNESCO si verdsarvliste, og omsynssoner for landbruk (markert i grønt). Administrasjonen har også erfart under arbeidet med den reviderte beitebruksplanen at enkelte tema har hatt behov for utdjuping og presisering.
Kapittel 5 omhandlar dei nye tiltaka i handlingsplanen gjeldande for 2025-2029. Her er det lagt til nye tiltak, i tillegg til at nokre av dei tidlegare tiltaka er vidareført. Vedlagt ligg både ein fullstendig oversikt over handlingsplanen 2025–2029, samt ei evaluering av tiltaka frå den tidlegare beitebruksplanen.
Beitebruksplanen for Hedalsstølane
I samsvar med kommunestyrevedtak (36/22, 14.08.2024) er det laga ein beitebruksplan med tilhøyrande handlingsplan for Hedalsstølane, som ligg som eiget vedlegg i beitebruksplanen for Øystre Slidre kommune. Bakgrunnen for dette arbeidet er at beitebrukarene i området har vore tydelege på at dei har hatt aukande negative verknader av anna bruk av utmark. Det er difor sett i gang eit arbeid med konfliktdempande tiltak, med eit fokus på å setja inn tiltak som sikrar beiteinteressene i Hedalsstølsområdet på kort og lang sikt. Difor har det blitt laga ein egen handlingsplan for Hedalsstølane som inneheld spesifikke tiltak for dette området, for å enklare skilje mellom dei som gjeld for heile kommunen og dei som er spesifikke for dette området. Andre områder vil òg kunne bli inkludert som prosjektområde i seinare beitebruksplanar.
Dokumenta finn du her
Beitebruksplan 2025-2029 høyringsdokument (PDF, 3 MB)
Handlingsplan Hedalsstølane (PDF, 37 kB)
Vedlegg 1 handlingsplan 2025-2029 (PDF, 51 kB)
Vedlegg 2 evaluering av tiltak gjennomført i førre planperiode (PDF, 53 kB)
Vedlegg 3 Beitebruksplan prosjektområde Hedalsstølane (PDF, 2 MB)
Informasjon om høyringa
Høyringsfristen er 01.02.2025.
Merknadar kan sendast inn til kommunen i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no eller i ordinær post til: Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.
Dersom det er spørsmål til høyringa, ta kontakt med landbruks- og utmarksrådgjevar Nina Svendsrud, e-post: nina.karoline.svensrud@oystre-slidre.kommune.no