Den eine av dei smitta er eit barn i Beito barnehage. Barnet er nærkontakt til ein av dei seks personane som frå før var påvist smitta. Den andre som testa positivt er ein av dei 29 personane som vart sett i karantene fredag 26. mars.
Kommunen har no fått svar på alle 78 testane som vart utført måndag med bakgrunn i dette smitteutbrotet. 76 av prøvene var negative.
Sidan eitt barn i barnehagen no har testa positivt, er alle barna og dei tilsette i barnehagen no i 10 dagars smittekarantene frå fredag 26.mars. Alle foreldre/hustandsmedlemmer og andre nærkontakter er sett i ventekarantene. Les meir om reglane for isolasjon, smittekarantene og ventekarantene her.
Smittesporingsteamet vil i løpet av ettermiddagen ringe alle føresette og tilsette i barnehagen for å få tak i nærkontaktene og nær-nærkontaktane til barna og dei tilsette.