Vil du heidra ein Øystreslidring?Øystre Slidre kommune vil gjerne heidre nokon som utmerkar seg særskilt.Det kan vere person(ar) eller lag, som nyttar tid og evner til å skape det positive mangfaldet, som utgjer kultur- og næringslivet i kommunen.PrisarDersom det er kandidatar som utpeikar seg, kan det kvart år delast ut frivilligpris, kulturpris, ungdomspris og næringspris.Retningsliner for utdeling av prisarRetningsliner for utdeling av prisar i Øystre Slidre kommune finn du her (PDF, 50 kB)Send inn ditt forslag til kandidatarSend ditt forslag på kandidatar i ein e-post til post@oystre-slidre.kommune.no Frist for innsending er 15.april 2025. Publisert 17.03.2025 11.29