Vi har ikke per i dag oversikt over om vi vil få eit slikt behov, eller kor stort dette behovet vil bli, men vi ynskjer å vere i forkant, og bed interesserte om å melde seg no. Bli med på dugnaden, dette vil bety mykje for mange.
Du bør ikke sjølv ha vere i risikosona, sjå fhi.no om risikogruppe
Eksempel på oppgåver som kan vere aktuelle for frivillige å utføre:
- Varelevering til heimebuande i risikogruppa, eller andre som er i isolat eller karantene.
- Handlevenn for dei som ikkje kan handle matvarer sjølve.
- Ringe-venn for einsame og andre som kan ha glede av ein telefon.
- Andre omsorgsoppgåver som ikkje krev kompetanse som helsepersonell.
- Transportoppdrag av ulike slag.
- Gje informasjon til spesielle grupper som t.d. innvandrarar og eldre.
- Pass av barn der føresette har samfunnskritiske funksjonar (dette krev politiattest).
Du kan registrere deg her
Ynskjer du å gjere ein dugnadsinnsats for innbyggarane i Øystre Slidre kommune, bruk registreringsskjemaet her!
Når du har sendt inn registeringsskjemaet, vil Frivilligsentralen vere med å koordinere aktuelle arbeidsoppgåver.
Alle må signere på teieplikt og får god informasjon om praktiske rutiner før arbeidet skal utførast.
For meir info, ring Frivilligsentralen, tlf 97 60 57 55 (08-16 på kvardagar).
Helsepersonell
Vi har ei eiga registrering for helsepersonell som ynskjer å stå som vikarar i dei ordinære tenestene våre. Sjå eigen informasjon og skjema for dette.