Fylkeskommunen vil setje opp fleire nye skilt og ha hyppigare tilsyn med trafikken på høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå.
Parkering på Valdresflye
Det er satt opp fleire nye skilt som tydeleg markerar kor det er lov og mogleg å parkere. Dei 14 skilta vil vise til lovlege parkeringsplassar. I tillegg vil fylkeskommunen setje opp to informasjonstavler, som minner trafikantane på at det ikkje er lov å parkere langs vegen, der det ikkje er særskilde parkeringsplassar. Dersom det ikkje blir parkerert i tråd med reglane, kan det hindre trafikken i å kome fram.
Det er ulovleg å parkere i vegen i 80-sone, det vil handhevast med gebyr og eventuell borttauging, seier politistasjonssjef Kristoffer Tessem.
Tips til parkering: Når du reiser opp på Valdesflye, parker med snuten den vegen du skal heim.
Fylkesveg 51 vil så langt været tillet det, vere open mellom klokka 08 og 20 alle dagane i veka den fyrste tida etter opning. Inntil vidare blir vegen nattestengd.
Sjekk vegmeldingane
Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om opne og stengde riks- og fylkesvegar på www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175.