Vellykka aktivitetsdag ved Øystre Slidre Helsetun

6.september vart det for andre gong arrangert aktivitetsdag ved Øystre Slidre Helsetun. Me ynskjer å sende ut ein stor takk til alle som bidrog med stort og smått, og ikkje minst fantastisk oppmøte.

Bildet viser uteområdet ved Helsetunet - Klikk for stort bileteUteområdet ved Helsetunet Øystre Slidre kommune

Dette vart ein dag med supert vær, godt humør og gode samtaler. Programmet bestod av utandørs aktivitet på helsetunets flotte uteområde, kafè med nysteikte lappar, bingohjulet vart snurra og det heile vart avslutta med kjent og kjær trekkspelmusikk.
Arrangementet har stor glede på tvers av generasjonar og er no eit årleg arrangement, i starten av september kvart år. 
 

Tusen takk! Helsing frå Ingrid Øihaugen, Anders August Tholin Lien og Marie Bjørneseth Storrusten i fysio- og ergoterapitjenesta i Øystre Slidre kommune»