Vi er glade for å kunne ønske alle velkomne til Øystre Slidre, både dei som har hytte/fritidsbustad i kommunen og dei som gjestar kommunen som turistar. Vi kan tilby både rein naturglede og eit breitt aktivitetstilbod med vandring, sykling, hundekøyring, riding, fisking, rafting, topp-turar, klatring m.v. Vi kan også tilby gode matopplevingar, og eit breitt overnattingstilbod.
Vi kan, i samarbeid med Beitostølen utvikling og Beitostølen Stadion AS, tilby nye aktivitetar i Beitostølen sentrum i sommar. Stadion AS vil sette opp eit sykkelanlegg (Pump Track) og ny Frisbee golf blir etablert på stadion. Sykkelløypa ned til sentrum blir ferdig i sommar, og det blir ny vaskeplass for sykkel i sentrum. Det vil og bli laga nytt sykkelkart for Beitostølen Trail Arena.
Sjølvsagt skal aktivitetane skje på ein trygg måte. Det vil bli sett ut dispenserar med sprit for handvask i sentrum og vi oppmodar alle til å følgje dei generelle smittevernreglane om å halde avstand, ha god hand- og hostehygiene og vera for deg sjølv dersom du føler deg dårleg eller er i ferd med å bli sjuk.
Velkomen til Øystre Slidre og nyt sommaren!
Med helsing
Odd Erik Holden, ordførar - Jostein Aanestad, rådmann - Bjarne Budal, leiar Beitostølen utvikling