Vedtak om avlysing av arrangement: NM for junior på ski Beitostølen
Smittevernlegen i Øystre Slidre kommune har med heimel i delegert mynde etter smittevernlova, § 4-1 bokstav a, vedteke at arrangementet NM for junior på ski på Beitostølen 13.-15. mars 2020 skal avlysast.
Bakgrunnen for vedtaket er særleg knytt til råda frå Folkehelseinstituttet dagsett 10.03.2020 om at utandørs arrangement med fleire enn 500 deltakarar som står eller sit tett bør avlysast. Dette er og sett i samanheng med at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet peiker på at vi er inne i ei ny fase med ikkje sporbar smittespreiing av Corona-virus.
Arrangøren har opplyst at det er påmeldt om lag 1000 deltakarar og at det er forventa om lag 600 personer knytt til støtteapparat og familie. I tillegg vil arrangementet inkludere mange lokale frivillige.
Smittevernlegen har på dette grunnlaget og etter ei samla vurdering kome til at smitterisikoen ved arrangementet er for høg til at arrangementet kan gjennomførast.
Heggenes, 10. mars 2020
Arild Jacobsen
Kommuneoverlege i Øystre Slidre
Sist endra 10.03.2020 19.15