Vassmålaravlesning

Øystre Slidre kommune har to ulike system for avlesing av vassmålarar.

Om lag 800 abonnentar har automatisk avlesing av vassmålar. Desse treng ikkje å lese av vassmålarar sjølve.

Dei resterande 1700 abonnentane må lese av vassmålaren ein gong per år. Det er nå sendt ut SMS til dei abonnentane som skal lese av vassmålaren sjølv (ein SMS per målarnummer). Telefonnr blir henta frå våre system, Difi sitt kontaktregister eller frå opplysningstenesta 1881. Denne SMS-en skal besvarast med målarstand, dei som har fleire målarnummer må passe på å svare på rett SMS. I svarSMS-en er det kun målarstanden (kun tall) som skal skrivast inn.

SMS:

Fristen for å svar på SMS-en er satt til 20.12. Dersom ein ikkje svarar innan denne fristen, vil ein få tilsendt ein ny SMS med ny frist for å svare.

Avlesingskort:

Dei som ikkje mottek SMS vil få avlesingskort tilsendt i posten, som tidlegare.

Vi oppmodar flest mogleg av dei som mottek avlesingskort til å rapportere målarstanden inn elektronisk på leseav.no Her må du oppgje koden som står på avlesingskortet.

Dersom du har motteke avlesingskort i år, men ynsker  å svare via SMS neste år, kan du leggje inn mobilnummeret ditt når du rapporterar inn målarstanden.

Dersom du ikkje ynskjer å rapportere målarstanden elektronisk, kan du fylle ut svarslippen på avlesningskortet. Fyll ut målarstand, signer skjemaet og sendt inn til kommunen. Her er det også mulig å legge inn mobilnummer dersom du ynskjer å levere målarstanden via SMS ved neste års avlesning.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00