Vårkonsert i amfiet på Tingvang

Øystre Slidre kulturskule hadde sin tradisjonelle vårkonsert i amfiet på Tingvang 7.juni. 

BIG BANG var fyrst ute i det nye amfiet. Det er lenge sidan sist me kunne samle elevar og publikum til ein skikkeleg storfest, og det var difor både etterlengta og godt å kunne kjenne på den gode stemninga, kvaliteten på innslaga og den ungdommelege gleda som fylde heile Tingvang kulturarena denne fine junikvelden.

Amiet er ei gåve til innbyggjarane i Øystre Slidre kommune, gjeve av Sparebankstiftelsen i Øystre Slidre og SpareBank 1 Hallingdal Valdres ved opninga av Ungdomens kulturhus Gapahuken i 2018, og i anledning av det samanfallande 100-års jubuileet til banken. I påvente av ferdigstilling av Lydkåken Rockeverkstad, og uteområdet elles, har det ikkje vore anledning til å ta amfiet i skikkelig bruk før no.

Men no ligg det altså der, stødig og stabilt, i påvente av nye arrangement. Ta kontakt med kulturkontoret om du har spørsmål eller om du ynskjer å nytte amfiet til eit arrangement. 

Elles må me takke alle elevar, lærarar og publikum for ein flott kveld.