Vaksinering hausten 2024 - ekstradag

Det blir vaksinering på Helsetunet tysdag 26. november. Her kan du få ny dose koronavaksine og influensavaksine. FHI oppfordrar alle over 65 år, gravide og personar med ulike kroniske sjukdommar å ta vaksine mot influensa, samt ei oppfriskningsdose med koronavaksine.

FHI si anbefaling om vaksinering 

Her kan du lese FHI si anbefaling om koronavaksinering

Her kan du lese FHI si anbefaling om influensavaksinering

Tid og stad for vaksinering

Vaksineringa er på Helsetunet, oppmøte ved hovedinngangen

Tysdag 26.november kl.09.00 - 14.00. 

Det blir ikkje sendt ut innkalling, det er inga påmelding. Berre å møte opp. 

Pris for vaksine

Koronavaksina er gratis.
Influensavaksina kostar kr.250, faktura blir sendt i etterkant.

Kommuneoverlegen

Kartpunkt