Utdeling av frivilligprisen til Birger Martinsen

Øystre Slidre kommune sin frivilligpris for 2020 gjekk til Birger Martinsen. Grunna innstrammingar i smitteverntiltaka fekk me ikkje delt ut prisen ved den planlagde kulturkvelden i november. Birger fekk sin pris denne veka, i anledning styremøte i Øystre Slidre Røde Kors ved deira lokale i Skammestein.

Birger får prisen for sitt engasjement for Øystre Slidre Røde Kors og for den jobben han har gjort- og framleis gjer for hjelpekorpset. Han var med under oppstarten av korpset i 1949, og var svært aktiv til han flytta ut av bygda i 1955. Birger og familien kom attende til bygda i 1984, og har til saman 43 år i Øystre Slidre Røde Kors, der han har vore innom dei fleste verv.

I 2006 byrja han og kona, Ingrid, med panteinnsamling til inntekt for korpset. Sidan då er det estimert at han har vore hovudmannen for å ha samla inn panteflasker for om lag 2,5millionar kroner.

Pantepengane er hovudinntektskjelda til korpset, og gjer til at dei står greitt økonomisk, at dei er godt utstyrt og at dei frivillige får tilstrekkeleg av kurs og opplæring. Dette gjer til at innbyggjarar og tilreisande kan kjenne seg tryggare i form av god lokal beredskap.

Birger har tidlegare fått Norges Røde Kors Fortenestediplom med nål, fortenestemedalje for hjelpekorpset, og har vore æresmedlem i lokalforeininga sidan 2019.

Kommunen og set stor pris på Birger sitt bidrag, og ynskjer han nok ein gong til lykke med frivilligprisen for Øystre Slidre i 2020.