Ungdommen blir spurt om foreldre, vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse, trivsel, rusmiddelbruk, seksualitet, risikoåtferd og vald. UngData-undersøkinga er svært nyttig for kommunen, då den gir oss breitt bilete av korleis ungdommane har det, også på fritida.
Undersøkinga viser diverre at vi har utanforskap og einsemd i ungdomsgruppa i kommunen. Alt for mange ungdommar opplever å bli mobba (plaga, utfryst eller få trugsmål mot seg) i skuletida og på fritida. Ei større gruppe ungdomar svarar at dei ikkje trivast på skulen og i lokalmiljøet. Vi kjenner att fleire av svara frå elevundersøkinga, som vart publisert i januar 2024.
Øystre Slidre kommune er svært opptekne av å sikre gode oppvekstvilkår for alle, og ser difor svært alvorleg på resultata frå UngData-undersøkinga. Kommunen har gjort mange tiltak for å tilrettelegge for aktivitet og inkludering for alle ungdomane.
Vi sette også inn fleire nye tiltak etter elevundersøkinga. UngData-undersøkinga vart gjennomført før ein kunne forvente at desse nye tiltaka skulle ha hatt effekt.
Kommunen er no i gang med analysearbeidet av UngData-undersøkinga, og arbeider med ein utvida plan der vi inkluderer tiltaka vi allereie har starta etter elevundersøkinga, og legg til nye tiltak basert på ny informasjon i UngData-undersøkinga. I arbeidet deltek både skulen, kulturavdelinga og administrasjonen i kommunen.
Vi har også kontakta mobbeombodet og bedt om bistand til å vurdere eigna tiltak. Noko av det viktigaste vi gjer er å prate med ungdommane for å ha dei med i arbeidet. Vi er også avhengige av godt samarbeid med føresette og resten av lokalsamfunnet for å lykkast. Vi har god erfaring med dette samarbeidet tidlegare, i arbeidet vårt med språkbruk på barneskulane.
Analysa viser også positive trendar innanfor enkelte område samanlikna med tidlegare år, og fleire område held seg stabile. I arbeidet vårt skal vi også ta med desse områda, og sikre vidare positiv utvikling.
Ungdata-undersøkinga for Øystre Slidre kommune 2024
Rapporten UngData 2024 for Øystre Slidre kommune kan du lese her (PDF, 685 kB)