Trygg jule- og nyttårshelg i Øystre Slidre – Tilråding om bruk av munnbind

Øystre Slidre kommune er oppteken av å sikre innbyggarar, deltidsinnbyggarar og gjester ei trygg jule- og nyttårshelg i kommunen. Vi ber alle setja seg inn i dei generelle råda som nasjonale helsestyresmakter har kome med. Å følgje desse råda nøye er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av covid-19 viruset.

Vi venter stor tilreising til kommunen i samband med jul og nyttårsfeiringa.  Mange tilreisande kan gjere det vanskeleg å halde meteren særleg i sentrum og i butikkane. Der det ikkje er mogleg å halde meteren tilrår vi bruk av munnbind for alle over 12 år.

Det er viktig å minne om at munnbind ikkje erstatter dei andre viktige smitteverntiltaka vi no kjenner så godt:

  • Pass på å halde avstand
  • Hugs å sprite hende, eller vaske hendene grundig med såpe og vatn
  • Det aller viktigaste: Halde deg heime om du er sjuk

Tilrådinga er i samsvar med råda frå Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen i Innlandet.

Vi ønskjer alle som oppheld seg i Øystre Slidre ei god jul og eit godt nytt år.

Helsing

Odd Erik Holden, ordførar
Jostein Aanestad, rådmann
Arild Jacobsen, kommuneoverlege