Treningsrommet på Heggenes - ny betalingsløysing frå 01.01.25Det blir ei ny betalingsløysing på treningsrommet frå 1. januar 2025. Her er informasjon om korleis du kjøper nytt kort og kan fornye treningskortet ditt. Ny betalingsløysing for tilgang til Treningsrommet på Heggenes frå 01.01.2025 Det blir ei ny betalingsløysing på treningsrommet frå 1. januar 2025. Her er informasjon om korleis du kjøper eller fornya treningskortet ditt:Førstegongskjøp: Dette må skje ved oppmøte i resepsjonen på kommunehuset på Tingvang. Mellom kl 09.00 -15.00 på kvardagar Fornying av kort: Dette skal gjerast ved å betale med VIPPS til nr: 946270, og kontakte resepsjonen på telefon 613 52 500 mellom kl. 09.00 og 15.00, eller på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no. Merk at kortet ikkje blir opna automatisk ved VIPPS-betaling. Du må gi beskjed til resepsjonen på Tingvang. Ved fornying av kort må påregnas 3 virkedagar før kortet er aktivt.Perioder og prisar:Du kan kjøpe treningskort for tre ulike periodar:1.januar til 31.desember - kr.1 000.1.januar til og med 30.juni - kr.550.1.juli til 31.desember - kr.550.Om du ikkje kan betale med VIPPS, ta kontakt med resepsjonen for faktura. Betalingssatsane ovanfor blir etter all sannsynlegheit vedteke av kommunestyret 19. desember d.å. i samband med behandlinga av økonomiplanen for 2025 (som inkluderer gebyrliste). Vilkår for bruk av treningsrommet på Heggenes, gjeld frå 01.01.2025 Frå 01.01.2025 gjeld nye vilkår for bruk av treningsrommet på Heggenes.Vilkår for bruk av treningsrommet på Heggenes frå 01.01.2025 (PDF, 174 kB) Publisert 09.12.2024 10.47