Du kan søkje om tilskot dersom:
- Du er over 62 år eller bur saman med ein som er over 62 år
- Du bur i bustaden sjølv, og han er eigd eller leigd som heilårsbustad. Dersom du leiger, må du ha samtykke frå utleigar
- Bustaden er den folkeregistrerte adressa di
- Du skal oppgradere for minst kr.40 000
Kva kan du få tilskot til?
Tilskotet kan nyttast til tiltak som gjer bustaden meir tilgjengeleg og brukarvenleg. Døme på tiltak kan vere:
- Lage trinnfri adkomst til boligen
- Gjere det lettare å bevege seg rundt i boligen
- Gjere det enklare å bruke badet
Det blir berre gitt tilskot til nye tiltak som ikkje er sette i gang eller gjennomførte før søknaden er behandla.
Kor mykje kan du få?
Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene til prosjektet. Oppgraderinga må koste minst 40 000 kroner. Det er inga øvre grense for dei totale kostnadene, men du kan maksimalt få 75 000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot éin gong per bustad.
Merk at du i første omgang må kunne finansiere tiltaka med eigne midlar. Det er først når arbeidet er ferdig utført og betalt, at du kan be om utbetaling av tilskotet. Du kan ikkje få tilskot til eit prosjekt som allereie er påbegynt eller fullført.
Forskrift om tilskudd til aldersvennlig oppgradering av egen bolig kan du lese her på lovdata.no
Søknadsskjema og meir informasjon om ordningen
Du kan søke om tilskot digitalt eller på papir.
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på Husbanken si nettside husbanken.no
Søknadsfristen er 30.oktober 2026.
Treng du hjelp?
Sjølv om det er Husbanken som behandlar søknadene, kan Øystre Slidre kommune ved bustadkontoret hjelpe med informasjon, rettleiing og råd om ordninga og søknadsprosessen. Ta gjerne kontakt med bustadkontoret dersom du ønskjer meir informasjon om kva tiltak som kan vere aktuelle i din bustad, eller treng hjelp til å kome i gang med søknaden.
Merk at Husbanken prioriterer søknader etter fastsette kriterium og tilgjengelege midlar. Fullstendige vilkår og oppdatert informasjon finn du på Husbanken sine nettsider.
