I veke 26 blir det tilbod ved Lidar skule, i veke 33 ved Rogne skule. Tilbodet er ope for elevar ved båe skulane, det vil vere tilsette frå båe skulane tilstade.
- Opningstid 08.00 - 15.30.
- Pris pr. dag per barn kr.250.
- 1. , 2. og 3.klassingar har 12 timar gratis SFO i veka, ein dag tel som 7,5 timar etter opningstida.
- Ordninga er open for alle elevar i 1.-4.klasse og fore elevar med særskilte behov i 5. - 7.klasse.
- For at det skal bli eit tilbod må det vere minst 5 påmeldte til kvar dag.
- Påmelding innan 23.april, påmelding er bindande.
Programmet for dagane vil bestå av inne- og uteaktivitetar og vil bli lagt fram for dei påmeldte i god tid før oppstart.
Tilbodet om sommar-SFO gjeld ikkje for barn som skal starte i 1.klasse i august, desse barna kan behalde sin plass i barnehage fram til skulestart.
Påmelding
Skjema for påmelding finn du her