Ny oppfriskningsdose er anbefala for personar som er 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim
- Ei ny dose er særs aktuell for dei som ikkje tidlegare har hatt SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar
- Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan førre dose
- Vaksinering bør bli gjennomført i løpet av april
FHI anser det som sannsynleg at det vil kome ei anbefaling om ytterlegare ei ny dose til dei eldste til hausten, før vintersesongen 23-24. For at det skal kunne gå tilstrekkeleg tid før haust-dosen, bør du oppsøke vaksinasjonstilbodet i kommunen i løpet av april.
Behovet for ny dose denne våren er lågare dersom du allereie er vaksinert med anbefalte dosar og har hatt koronasjukdom.
Tilbod om oppfriskningsdose - drop in vaksinering
Onsdag 26.april i Storsalen på Tingvang.
Etternamn A - O oppmøte kl.15.30
Etternamn P - Å oppmøte kl.16.30
Det blir ikkje sendt ut innkalling til denne vaksinasjonen, det er inga påmelding - berre å møte opp. Inngang på baksida av Storsalen.
Bebuarar på Helsetunet
Bebuarar på Helsetunet vil få tilbod om vaksine på Helsetunet.