Tilbod om covid-19-vaksine til barn i alderen 5-11 år

Øystre Slidre kommune tilbyr no covid-19-vaksine til barn i alderen 5-11 år.

Innbyggjarar i aldren 5-11 år kan no få både 1 og 2 dosar, dersom barnet og dei føresette ønskjer det. Barn i denne aldersgruppa får barnedose av BioNTech/Pfizer (Comirnaty). 

Informasjon om vaksineringa

Informasjon om vaksineringa blir sendt ut direkte til føresette i dei aktuelle alderskulla via kommunikasjonsapp for skule og barnehage.

Tid og stad for vaksineringa

Vaksinering av denne aldersgruppa vil gå føre seg på Helsestasjonen.  Det blir vaksinert måndagar og tysdagar etter skuletid, i veke 5-7. 

Bestiling av tid for vaksinering

Ring vaksinekoordinator på tlf 61 35 25 55. 

Samtykkeskjema

For personar under 16 år blir det krevd samtykke frå begge føresette ved felles foreldreansvar. Det er dei føresette som tek helsemessige beslutningar, men barn/ungdom skal bli høyrd i beslutningar som gjeld eiga helse. Samtykkeskjema skal fyllast ut og signerast, ta skjemaet med til vaksinering.

Samtykkeskjema finn du her. (PDF, 50 kB)

Meir info om vaksinering

Meir info om vaksinering av barn og unge finn du her.

Kontaktinfo

Kontakttelefon - vaksinering 1
Telefon 61 35 25 55