Bandet The Rebels med Espen Austdal, William Alexander Dahlen og Andreas Bærøy Nordsveen er kanskje det beste og mest ambisiøse unge rockebandet Valdres nokon gong har hatt.
Dei har vore aktive i ei årrekke, og bør være godt kjende for dei fleste. Dei har vore vidare til landsmønstringa i UKM to gonger, og er no i sving med eige album
Øystre Slidre kommune ynskjer med denne prisen å motivere bandet til vidare satsing, og gje eit bidrag til finansieringa av innspelinga.
Utdelinga vil skje i samband med rockeklubben på Ungdomens kulturhus Gapahuken, fredag 08.november kl.19.00.