Tertialrapport for Øystre Slidre kommune
I tertialrapporten gjev rådmannen ei orientering til kommunestyret om status for gjennomføring av dei ti høgaste prioriterte utviklingsområda for kommunen – 10 på topp, og ei økonomirapportering som viser prognose for økonomiske avvik innan drift for inneverande år.
I rapportern er og 1. tertialrapport frå dei interkommunale samarbeidstiltaka i Nord Aurdal kommune. Dei økonomiske følgjene av vertskommunetenestene er innarbeidd i 1. tertialrapport for kommunen.
Drifta på dei aller fleste område er innanfor budsjett. Vi ser enkelte område der det er avvik i prognose i forhold til budsjettrammene. Sjølv om det er enkelte område der reelle utgifter blir høgare enn budsjettert, har rådmannen forventingar om at det vil bli nokon innsparingar og meirinntekter i løpet av året, slik at årsresultatet kan ende innanfor vedteke budsjett. Vi syner til nærare omtale i rapporten. Fordi vi har mange usikre faktorar knytt til koronapandemien, er ein totalprognose for året fortsatt usikker.
Tertialrapporten finn du her.
Publisert 15.06.2021 13.50