Føremålet med møtet var å dele meir konkret informasjon om utfordringane me har i oppvekstmiljøet, etablere ei felles forståing av når og korleis mobbing og ekskludering oppstår, og reflektere over korleis vaksne og «heile bygda» kan bidra for å gje barn og unge gode og trygge oppvekstvilkår.
Bakteppet for møtet låg i dei nye og nedslåande resultata frå elevundersøkinga og Ungdata-undersøkinga, der for mange ungdomar gjev uttrykk for at dei ikkje trivast i skulen, at dei opplever å bli mobba, men og at mange seier at dei mobbar andre. Ungdomsklubben valde å stengje i september etter tilbakemeldingar om eit utrygt klubbmiljø med mobbing, trugslar, vald og trakassering, i tillegg til rapportertar om fleire grenseoverskridande og farlege hendingar i området rundt ungdomsklubben på klubbkveldane – utført av ungdom.
Denne hausten er det innhenta meir informasjon om ungdomsmiljøet frå ungdomane, gjennom ein-til-ein samtalar med miljørettleiar på skulen, i møte med ungdomsrådet og innspelsmøte med klubbungdomar. I stormøtet var det dei vaksne sin tur til å koma med innspel om kva dei tenkjer er viktig for at born og unge skal ha eit godt oppvekstmiljø.
Situasjonsbildet
Ordsky - kva ord ynskjer du at Ungane våre skal beskrive oppveksten sin med?
Øystre Slidre kommune
Ordførar, Bjarne Budal, starta kvelden med å gje eit realitetsbilete av situasjonen. Som del av innleiinga til møtet, fekk dei frammøtte bidra med sine eigne ord om korleis dei ynskjer at ungdomane våre skal beskrive oppveksten sin, kva som er bra med miljøet i dag, og kor godt dei oppfattar at oppvekstmiljøet faktisk er. Svara synte at fleirtalet at oppvekstmiljøet i kommunen er godt, men også at dette blir oppfatta ulikt.
For å seie meir om kva me ser i oppvekstmiljøet, utfordra rektor ved Rogne skule, Are Alund, politikontakt, Svein Tvenge, helsesjukepleiar Christina Kvisgaard, og miljørettleiar ved ØSUS, Bente Nordli Holden, til å uttale seg om deira eigne erfaringar og opplevingar ut frå sitt perspektiv i ein panelsamtale.
Marianne Vigdal-Olsen og Lars Idar Vandli frå Mobbeombudet i Innlandet
Bente Nordli Holden
Kveldens hovudinnlegg, ved Mobbeombudet Innlandet, gav forsamlinga eit innblikk i korleis sosiale fellesskap verkar både på godt og vondt - og kor viktig det er at dei vaksne forstår desse mekanismane. Mobbeombudet hadde stort fokus på korleis vaksne kan hjelpe barn og unge gjennom å vere gode rollemodellar, modellere til ønska åtferd, sette rammer og grenser, og legge til rette for å inkludere alle i fellesskapet.
Starten på prosessen
Stormøtet er berre starten på ein prosess med å styrke oppvekstmiljøet i kommunen. I denne prosessen er det viktig med brei deltaking og inkludering, og at alle ser si rolle og viktigheit i dette arbeidet. Leiarane i FAU avslutta kvelden med tre gruppeoppgåver, der dei frammøtte kunne drøfte saman i grupper og koma med innspel til kva som må til for å få til eit godt oppvekstmiljø, og kva vi treng vidare av informasjon og kunnskap i dette arbeidet.
Kommunen vil no, i samarbeid med FAU, føresette, ungdomane og andre, ta tak i innspela og kunnskapsgrunnlaget frå møtet, og jobbe vidare for å skape ein innhaldsrikt og godt oppvekstmiljø for alle våre noverande og framtidige barn og unge.