Stormøte om oppvekstmiljøet i Øystre Slidre 30.10.24

Kva type oppvekstmiljø vil vi ha i Øystre Slidre kommune, og korleis vil vi at ungane våre skal hugse oppveksten sin? 

Festsalen på Tingvang, onsdag 30.10.24 kl.19.00 - 21.00.

Øystre Slidre kommune og FAU ved skulane inviterer til stormøte for foreldre i grunnskulen, der også andre som jobbar med barn og ungdom, og andre innbyggjarar som ynskjer å vere med er velkomne.  Møtet har bakgrunn i resultat frå elevundersøkinga og Ungdata i 2024, der kommunen og FAU erkjenner at me har utfordringar med oppvekstmiljøet i kommunen, at desse utfordringane er samansette, og at me treng å stå saman om å hjelpe kvarandre med å ta tak i dei.

Tema for kvelden er korleis vi alle kan bidra til å skape gode miljø for ungane våre i kommunen?  Det blir eit møte som inneheld noko informasjon, men som i stor grad legg opp til aktiv refleksjon og dialog kring temaet og utfordringane som blir løfta fram.  

Kveldens hovudinnlegg er ved Lars Idar Vandli og Marianne Vigdal-Olsen frå Mobbeombudet i Innlandet . Dei vil prate om kva me vaksne kan bidra til for å skape trygge og aktive miljø, og kva skulen si rolle er. Svein Tvenge i Politiet og Christina Dygd Kvisgaard frå skulehelsetenesta kjem også, som vil snakke om utfordringar i oppvekstmiljøet ut frå sine perspektiv. Møtet blir leia av ordførar, Bjarne Budal, og rektor ved Rogne skule, Are Alund.  

Vi trur at møtet vil bidra til å samle bygda for å ta tak i- og finne ein retning for å løyse våre felles utfordringar knytt til oppvekstmiljøet vårt, og håpar difor på stort engasjement rundt denne kvelden.  

Ingen av oss kan klare dette åleine. It takes a village!

Påmelding til møtet

Invitasjonen til møtet kan du lese her. (PDF, 2 MB)

Invitasjonen er sendt ut til foreldre via Visma-appen “min skole”.  Foreldre og tilsette i skulane melder seg på via appen.

Andre interesserte sender påmelding i e-post til oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no innan 28.10.24. 

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40

Kartpunkt