Spelemiddel til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2020

Kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast for 2020. Lag, organisasjonar eller andre samanslutningar som ynskjer å søkje om spelemiddel til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, må ta kontakt med kommunen innan 1. okt. Det er berre anlegga som blir prioriterte ved rullering av planen som kan søkje om spelemiddel. 

Det kan søkjast om støtte både til nybygg og rehabilitering av eldre anlegg. Anlegga kan tilhøyre kategorien ordinære anlegg (anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet), eller kategorien Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, som ligg i tilknyting til bu- og eller opphaldsområde.)

Retningsliner for tilskot blir årleg utarbeidd av Kulturdepartementet, og kan lesast her. (PDF, 770 kB)

Nytt i år er blant anna at ein ikkje lenger skal søkje kommunen om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Andre endringar er lista opp her. (PDF, 333 kB)

Sjølve søknaden skal sendast inn gjennom nettsida www.anleggsregisteret.no, innan 1.nov. Men først må ein altså ta kontakt med kommunen.

Ta kontakt med Marit Karlberg gjennom epost til marit.karlberg@oystre-slidre.kommune.no eller på telefon 61 35 25 36/ 480 36 554.