Gaute Gjøl Dahle/DSB
Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30.oktober til søndag 5.november.
Øve
På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobilen. I tillegg blir det her gitt mange gode tips til korleis ein kan få dekt grunnleggande behov i ein krisesituasjon.
Du er ein del av beredskapen i Noreg
Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.
Det vil seie at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/internett er nede - eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle.
Ved å vere førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i en eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.
Heile Noreg øver
Øving gjer meister. Det gjeld og for krisehandtering.
Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtere det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at vi står bedre rusta til å kome oss igjennom små og store kriser.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkje eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samband med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.
Dette bør du ha heime
Tenk igjennom kva farar og ulukker som kan ramme deg heime, og førebu det best mogleg. Dersom straumen blir borte ller du blir isolert av vêret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.
Sjå kva du bør ha heime på sikkerhverdag.no