Gode og velfungerande hyttelag/hyttevellag er viktig for å vidareutvikle Øystre Slidre som ein god hyttekommune. Føremålet med samarbeidsavtalen er å legge til rette for eit godt samarbeid mellom kommunen og hyttelaga/hyttevellaga.
Partar i avtalen er Øystre Slidre kommune og hyttelaga/hyttevellaga i kommunen. Ved inngåing av avtalen er desse laga part i avtalen:
- Beitostølen Hytteforening
- Javnlie Vel
- Vangsjøen Vel
- Øystre Beitostølen Vel
- Garlivegen Hytteeierforening
- Luskeråsen vel
- Midthøgde og Søndre Rennsenn Vel
- Øyangen Vel
Nye hyttelag/hyttevellag som blir etablert i kommunen skal kunne slutte seg til avtalen.
Partane skal ha møte to gonger i året, eit om våren og eit om hausten. I møta vert følgjande saker orientert om eller drøfta:
- Planar (kommuneplan/kommunedelplan, reguleringsplanar, temaplanar) med relevans for hytteeigarar
- Investering og drift av infrastruktur knytt til hytte-områda t.d. veg, turvegar/løyper, renovasjon, vatn og avløp, breiband
- Økonomiplan med budsjett (m.a. eigedomsskatt) med relevans for hytteeigarane
- Helse og omsorgstenester for hytteeigarane
Desse var samla på møtet der innhaldet i avtalen vart fastsett.
Avtaledokumentet finn du her (PDF, 2 MB).
Desse var samla da avtala vart underteikna: