Rådmann Jostein Aanestad set stor pris på at så mange tilsette har svart på undersøkinga, og at vi gjennom dette har fått et godt grunnlag for det videre arbeidet. Vidare uttaler Aanestad:
Det er gjennomgåande høg score på dei fleste spørsmåla i undersøkinga, der 9 av 17 spørsmål kjem ut med eit svært godt resultat (grøn farge), og 3 spørsmål blir vurdert som tilfredsstillande (gul farge). Men det er svært urovekkande at 5 av 17 spørsmål kjem ut med ein låg score, og krev tiltak (raud farge).
Resultatet stadfester mi eiga oppleving av at mange tilsette på kommunehuset opplever eit høgt arbeidspress. Kommunen har høge ambisjonar, og det er mitt ansvar at det høge ambisjonsnivået ikkje skal føre til eit for høgt arbeidspress for dei tilsette. Undersøkinga viser at vi må ta betre tak i denne situasjonen. Eg har difor m.a. foreslått å styrke bemanninga på avdeling for næring, plan og byggesak med ei stilling, og har sett fokus på prioritering av oppgåver på kommunehuset.
Sjølv om undersøkinga viser grøne tal på spørsmåla knytt til tryggheit på arbeidsplassen, er eg uroa over at nokre medarbeiarar gjennom undersøkinga uttrykker utryggheit. For meg er det viktig at alle tilsette i kommunen opplever at det er greit å seie frå, og opplever tryggheit i arbeidssituasjonen.
Vidare viser undersøkinga at fleire tilsette på kommunehuset ikkje opplever at arbeidssituasjonen bidreg til arbeidsglede og motivasjon, og at fleire tilsette gjev uttrykk for at dei ville ha vald ein annen arbeidsgjevar om dei hadde hatt mogelegheit til dette. I rapporten skriv HAVA: «Undersøkelsen gir et tydelig bilde på opplevd belastning i forhold til varslingssaken, der kommentarene henviser til den som hovedbegrunnelse for redusert motivasjon/engasjement og arbeidsforholdet de har til kommunen. I en annen kontekst ville sannsynligvis resultatet på disse spørsmålene vært annerledes.»
Arbeidsmiljøutvalet behandla rapporten i møte den 13. oktober, og gjorde slikt vedtak:
AMU viser til rapporten frå HAVA med resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga på kommunehuset. AMU set stor pris på at heile 41 av 45 medarbeidarar har svart på undersøkinga. Det gjev eit godt grunnlag for oppfølgingsarbeidet. AMU delar dei vurderingane som HAVA har gjort i si oppsummering, og meiner det bør gjennomførast tiltak for m.a. å redusere arbeidspresset på kommunehuset. AMU meiner også at spreiinga i svara om tryggleik på arbeidsplassen krev oppfølging, sjølv om dette på gjennomsnittet har fått god skåre. AMU ber avdelingar på kommunehuset og leiargruppa drøfte ønska tiltak med bakgrunn i resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga og melde dei inn til AMU ved sekretær eller leiar i AMU. I tillegg kan alle som ønskjer det kome med framlegg til tiltak i forslagskassa som er sett opp på kommunehuset. AMU vil ta opp saka for vidare oppfølging på komande møte.
Undersøkinga vart gjennomført med bakgrunn i ei bestilling frå Arbeidsmiljøutvalet i august. Bestillinga kom i samband med uro for arbeidsmiljøet på kommunehuset etter innkomne varsel, m.a. om høgt arbeidspress og opplevd utryggheit. I tillegg til arbeidsmiljøundersøkinga har vore gjennomført fleire tiltak ved kommunehuset no i haust:
- Innført faste informasjonsmøte for tilsette (kvar 14. dag)
- Gjennomført personalmøte utan leiinga til stades
- Auka bemanning (ei stilling) i avdeling for næring, plan og byggesak
- Det er sett eit tydelegare fokus på prioritering av arbeidsoppgåver
- Det er lagt ein plan for å redusere talet på plusstimar for tilsette
- Systemet for tidsregistrering blir oppdatert/modernisert
- Det er sett opp ei forslagskasse på kommunehuset der alle kan kome med forslag til arbeidsmiljøtiltak
Vidare vil det vil bli gjennomført ei HMS-undersøking i heile organisasjonen (ikkje berre på kommunehuset) i november, og den vanlege medarbeidarundersøkinga vil bli gjennomført i heile organisasjonen på nyåret.