Rapporteringsplikt over private luftfartshinder

Eig du eit anlegg som er eit luftfartshinder? Øystre Slidre kommune informerer på vegne av Luftfartstilsynet og Statens kartverk om nye krav til rapportering, registrering og merking av luftfartshindringar. 

Bilete viser eit helikopter i lufta - Klikk for stort bilete Alexandra Henderson

Nasjonalt register over luftfartshinder (NRL) er eit digitalt register over menneskeskapte objekt som blir rekna som ein risiko for luftfarten, spesielt ved lågtflyging.

Typisk registreringspliktige objekt er skitrekk, skitau, stolheiser, svevebaner, zipliner, taubanar/løypestrengar, straum- eller signalførande leidningar over bakken, eller andre objekt over 15 meter i høgde. 

Det er også rapporteringsplikt for:

  • Alle signal og straumførande luftspenn med tilhøyrande master/stolpar uansett høgd over bakke/vatn/sjø.
  • Andre typar luftspenn, for eksempel bardunar - lågare enn 15 meter og nærare enn 10 meter frå offentleg veg.

 

Forskrift om rapportering, registering og merking av luftfartshinder

Forskrift om rapportering, registrering og merking av luftfartshinder kan du lese på lovdata.no

Slik kan du registrere luftfartshinder

Informasjon om korleis du kan registrere luftfartshinder og fristar for registrering finn du her på kartverket sin nettside