Råd om ny oppfriskningsdose for personar 65 år og eldreFHI anbefaler personar 65 år og eldre og beburar ved sjukeheim å ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine, dose 4. Anbefalinga gjeld òg personar i aldersgruppa 18-64 år som har underliggande risiko for alvorleg forløp av Covid-19. Anbefalinga om ny oppfriskningsdose til desse gjeld uavhengig av om ein har gjennomgått koronasjukdom etter forrige dose. Det bør vere minst 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskningsdose, men eit lengre intervall vil som regel gje ein betre immunrespons. Dose 4 kan bli gitt tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose. Organisering av tilbodet Som tidlegare, vil kommunen kalle inn til vaksinering via sms. Innkalling blir gjort i løpet av august. Vaksinering av desse gruppane blir i hovudsak i slutten av august, starten av september. Nyleg flytta til kommunen? Ta kontakt med vaksinekoordinator for å registre deg på våre lister. Publisert 16.08.2022 12.14