Pris for god tilrettelegging til Joker Heggenes
Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne deler årleg ut eit diplom til nokon som har utmeka seg særskild når det gjeld å leggje til rette for menneske med nedsett funksjonsevne gjennom universiell utforming eller ved å leggje til rette det fysiske, psykososiale eller digitale miljøet. Dette viser haldning og atferd gjer at alle kan oppleve seg fullt integrert og respektert.
F.v. Hilde Windingstad, Gunn Lagrud og Siv Anett Hagene
Tove Grethe Kolstad
Joker Heggenes er prisvinnaren for 2024.
Joker Heggenes fekk prisen fordi dei yter meget god service til kundene. Dei pakker varene dine når du har handla og ber dei gjerne ut i bilen. Dette er til stor hjelp spesielt for personar med nedsatt funksjonsevne. Joker Heggenes er ein liten butikk med masse varer, ikkje like lett å vera universielt utforma. Det tek dei att med glans med den servicen dei viser kundane. Alt kan dei skaffe om dei ikkje alt har det.
Vi har ein del mennesker i kommuna som ikkje kjem seg på butikken. Då ringer dei og bestiller og får ein hyggeleg prat. Så blir varene kjørt rundt til kundane, ikkje nok med det - dei ansatte kjem inn med varene og set dei på kjøkkenbenken og slår av ein hyggeleg prat der òg.
Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne deler årleg ut prisen til kandidat som alle i Øystre Slidre kan vera med å stemme på.
Publisert 20.02.2025 09.01