Premiar for Fjellstafetten 2020 kan hentast på Tingvang

Premiar for Fjellstafetten 2020 kan no hentast i respsjonen på Tingvang.

Det er krus med motiv frå Skarvemellin til alle som har gått minst 10 toppar i 2020, t-skjorter til dei som har gått 10 toppar i 5, 10 og 15 år og til dei som gjekk 10 toppar på ein dag i 2020.

Me ber om at de tek omsyn til smittevern når de hentar premiane, ved at de held dykk heime om de er sjuke, held god avstand og har god hand og hostehygiene.