Premiar Fjellstafetten

Premiar er no klare for henting i resepsjonen på Tingvang.

Jubileumsasjett Fjellstafetten 20 år - Klikk for stort bilete

I år har vi valgt ein jubileumsasjett fordi det er 20 år sidan Fjellstafetten starta personregistrering. Motivet er frå Kvernhøe og fotografen er Svein Andrè Svensli Rudi. 322 personar har gått 10 toppar i 2022 og vil få denne asjetten.

Det er T-skjortar i premie for dei som har gått ti toppar i 5 - 10 - 15 og 20 år.

13 personar har gått ti toppar i 20 år. 56 andre personar har gjort seg fortjent til 5-, 10-,  og 15-års T-skjorte.

Skule- og barnehagekonkurransen

Rogne skule er vinnar av skulekonkurransen med 17 poeng i gjennomsnitt pr. elev. Rogne barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 3 poeng pr. barn over 3 år. 

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Kvernhøe, måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Rogne skule eit gåvekort på kr. 1 500 og Rogne barnehage eit gåvekort på kr.500 til kjøp av aktivitetsutstyr.