Planar for meir aktivitet på Furustrand

Øystre Slidre kommune planlegg ei større utvikling ved friområdet på Furustrand. Det siste året har administrasjonen utarbeidd ein plan for området ved Heggefjorden, med mål om å skape meir og variert aktivitet for alle innbyggjarar og besøkande utover dei solrike sumarmånadane.

Opprustinga av Furustrand har forankring i samfunnsdelen i kommuneplanen og vert rekna som eit ledd i utviklinga av Heggenes som kommunesenter. Kommunen har fått innspel til arbeidet gjennom medverking til moglegheitsstudien for Heggenes-Tingvang, og i ei ope innspelsrunde. Med bakgrunn i innspela har ei administrativ arbeidsgruppe, i samarbeid med landskapsarkitekt Rolf-Erik Poppe, utarbeid ein plan for det nye Furustrand. Prosjektet er tenkt gjennomført i perioden 2022-2025, finansiert med eigne midlar, spelemiddel og midlar frå stiftingar.

Skisse over området finn du her. (PDF, 2 MB)

Møteplassar og aktivitet for alle
Furustrand vart oppgradert ved millenniumsskiftet med etablering av sandbane, kiosk og eit større bryggeanlegg for ulike vass- og padleaktivitetar. Området er særs populært, mellom anna på grunn av kommunal kioskdrift i sumarferien og gratis utlån av aktivitetsutstyr. Kommunen ynskjer å bygge vidare på dei gode kvalitetane ved Furustrand, og planlegg ei opprusting av desse i tillegg til etablering av nye funksjonar.

I planen skal kioskbygget byggast om og få to toalett med universell utforming, i tillegg til eit lite kjøken for enkel matservering. I tilknyting til kioskbygget vil det bli sett opp eit nytt utstyrslager for oppbevaring og vedlikehald av aktivitetsutstyr. Rundt kiosken er det ynskje om å skape eit sosialt område med sitteplassar, leikeplass for dei minste og bocciabane. Sandbanen flyttast opp mot kioskbygget og det øvrige arealet vert opparbeid med plen for bruk til ulike aktivitetar.  

Kommunen har takka ja til «Dagsturhytta», som saman med den planlagde turvegen til Helsetunet vil gjere Furustrand til eit eigna turmål for alle, også på gråe og kalde dagar. Dagsturhytta er på 25m2, og er utstyr med peisomn.

Padleanlegg og badstove
Bryggeanlegget på Furustrand er modent for ei omfattande opprusting. Her har arkitekten kome med forslag om å etablere ein større installasjon med funksjon som padleanlegg, tilrettelagt badeanlegg for personar med nedsett funksjonsevne, samt offentleg badstue.

Kommunen arbeider no med prosjektering og finansiering av ombygging av kioskbygget, nytt utstyrslager og etablering av dagsturhytte. Prosjektet ligg inne i Rådmannens forslag til budsjett for 2022, med mål om oppstart i august/september neste år.

Innspel eller spørsmål
Ved innspel eller spørsmål, kontakt Øystein Skattebu.

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40