Om dette er eit enkelttilfelle blant pasientar, eller om det vil kome fleire tilfelle framover er ikkje mogleg å si på noverande tidspunkt. Alle tilsette og pasientar har vore gjennom omfattande testing denne veka. Vårt personell er trent for å ivareta pasientar i ein slik situasjon, og vi har rutinar for å håndtere og førebygge vidare smitte.
Per no vil det ikkje verta endringar i tilbodet til pasientane. Om det skulle oppstå meir smitte, har kommunen planar for korleis vi skal handtere dette.
Helsetunet vil framleis vera ope for besøk, både i bustad og i institusjon. Vi minner alle om å være merksame på symptom, halde avstand og bruke munnbind under besøk på Helsetunet. Har du forkjølelsessymptom ber vi om at du utsetter besøket til du er frisk.