Øystre Slidre med i forskningsprosjekt om inkluderande reiseliv
Eit nytt forskingsprosjekt leia av Nordlandsforskning skal hjelpe reiselivet i distrikta med å realisere potensialet som ligg i å gjere reisemålet meir tilgjengeleg for alle. Lokalt deltek vi i dette forskingsprogrammet med Beitostølen Helsesportssenter, Beitostølen Utvikling og kommunen.
Bakgrunnen for kommunen si deltaking er at vi ønsker å utvikle Beitostølen som det beste reisemålet i landet for alle – uavhengig av funksjonsnivå. Første samlinga i forskingsprogrammet er lagd til Beitostølen 26. til 29. september.
Du kan lese meir om prosjektet her.
Publisert 27.08.2021 09.33