Birger er kjend for sitt engasjement for Øystre Slidre Røde Kors, og får prisen for den jobben han har gjort- og framleis gjer for hjelpekorpset.
Han har hatt ulike oppgåver både som styremedlem og med ulike administrative oppgåver i korpset sidan stiftinga i 1949, men er nok mest kjend for å samla inn pant for over 2 millionar kroner til Røde Kors. Pantepengane er hovudinntektskjelda til korpset, og gjer til at dei står greit økonomisk, at dei er godt utstyrt og at dei frivillige får tilstrekkeleg av kurs og opplæring. Dette gjer til at innbyggjarar og tilreisande kan kjenne seg tryggare i form av betre beredskap.
Øystre Slidre kommune gratulerer Birger med prisen som vil bli utdelt på eit arrangement saman med kulturprisen, hausten 2020.
Foto: Ingvar Skattebu