Øystre Slidre kommune opprettar foreningsportalVi vil gjere fritidsaktivitetar meir synlege. Er du kontaktperson for eit lag eller ei foreining? Snart får du telefon frå Liv, Øystein eller Anne Marthe, med spørsmål om de vil synleggjere dykkar aktivitetar gjennom Foreningsportalen.Øystre Slidre kommune jobbar med å etablere ein foreningsportal på nett. Portalen er ei nettside der vi vil samle all nødvendig informasjon om fritidsaktivitetar og kulturarrangement i kommunen, og med ei oversikt over aktive lag og foreningar. Foreningsportalen skal erstatte dagens løysing på kommunen si heimeside, der dei som tilbyr aktivitetar no sjølv kan administrere og publisere informasjon om sine aktivitetar og arrangement. Øystre Slidre frivilligsentral og kulturkontoret samarbeidar om etableringa av portalen, der Liv Vingdal, Øystein Skattebu Aya Strand og Anne Marthe Hesjadalen har fått oppdraget med å få portalen på beina. Anne Marthe bidreg som frivillig gjennom Frivilligsentralen. I den komande perioden vil desse fire kontakte lag og foreiningar i kommunen og informere om portalen, og invitere laga til å vere med på satsinga. Dei vil vidare ha ansvar for opplæring og brukarrettleiing, samt utrulling og vidareutvikling når den er ute på nett. Kommunen håpar foreningsportalen vil bidra til auka deltaking i fritidsaktivitetar og kulturlivet, ved at fleir finn dei arrangementa og aktivitetane som er aktuelle for dei. Kommunen ynskjer at flest mogleg blir med på satsinga og fyller portalen med innhald, slik at den blir eit godt verktøy for å synleggjere og finne alle dei gode tilboda me har i kommunen. Arbeidsgruppa for foreningsportalen vil ta kontakt med lag og foreiningar i kommunen. Øystre Slidre kommune Publisert 08.01.2025 13.13