Øystre Slidre kommune ønskjer næringsutvikling gjennom busetting og innovasjon

Øystre Slidre kommune ønskjer å forsterka den positive folketals- og næringsutviklinga kommunen har hatt, og har engasjert konsulentfirmaet BDO i eit prosjekt for å sjå på kva faktorar som er avgjerande for å styrke busettinga, auke innovasjonsevna og stimulere næringsutviklinga.

Kommunen byr på ein natur som inviterer til mange slag fritidsaktivitetar, milevis med preparerte skiløyper, uendeleg med stiar for fotturar,  rike moglegheiter for jakt og fiske,  eit rikt kulturliv  og nye barnehagar og skular seier rådmann Jostein Aanestad. Men vi ønskjer no gjennom prosjektet å undersøkje kva som i tillegg  skal til for å få fleire til å busetja seg fast i kommunen, seier Aanestad.

I prosjektet skal ein arbeide med ulike tema.  Vi vil undersøke kva som skal til for at hytteigaren eller deltidsinnbyggjaren vel å busetja seg i kommunen, og heller pendle til «jobb i byen».  Vidare  ønskjer vi å undersøka kva som skal til for at gjestearbeidarar buset seg i kommunen og korleis vi skal få fleire busette flyktningar til Øystre Slidre. Sentralt i dette er kva butilbod vi må tilby, for å auke  tilflytting og busetting.

Vi meiner problemstillingane til kommunen er svært interessante og relevante for ein kommune som Øystre Slidre, seier prosjektleiar i BDO Harald Husabø. Vi vil i nær framtid ta kontakt med deltidsinnbyggjarar, næringslivsleiarar, gjestearbeidarar og busette flykningar for å kartlegge kva som skal til for auka tilflytting til kommunen, avsluttar Harald Husabø.

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre: BDO-analytikar Rune Blom, rådmann Jostein Aanestad og prosjektleiar BDO Harald Husabø.