Øystre Slidre Helsetun - informasjon til naboar til byggeplassen

Arbeidet med Helsetunet er i full gang, her finn du litt informasjon om det som går føre seg på byggeplassen.

Prosjektet:

Øystre Slidre kommune bygger 36 sjukeheimsrom, 18 omsorgsbustader, 1 rom for pårørande, lokale for heimesjukepleie, kontor for fysioterapi, ergoterapi, frisør og sjukepleieklinikk, kantine, treningsrom for bebuarar og aktivitetsrom,  hjelpemiddelsentralen, seremonirom, vaskeri og storkjøkken.

 

Framdrift:

Aktiviteten er i full gang. Såler og grunn til den delen av bygget som skal bli sjukeheimsrom og hovudbygget er snart ferdig. Fyrste veka over nyttår kjem ei stor kran og brakkeriggen på plass. Då startar arbeidet med vegger.

Frå midt i mars vil golv og stålbæring bli montert og frå midt i april vil grunnarbeidet starte på resten av byggekroppen.

Før jul neste år vil huset være tilnærma ferdig utvendig med tak og vindu. Vi reknar med å ta bygget i bruk i god tid før jul i 2020.

 

Reglar for byggeplassen:

Byggeplassen er inngjerda og alle som oppheld seg der er registrert med legitimasjonskort. Det er til ei kvar tid oversikt over kven som oppheld seg på byggeplassen.

Det er ikkje lovleg å bevege seg innafor området utan løyve og utan verneutstyr og legitimasjon.

 

Arbeidstid:

Entreprenørane følger normale arbeidstider. Det vil vere periodar i byggeperioden der det er monteringer som skjer på kveldstid, men aldri seinare enn kl 23.00. Arbeid på søndag skal ikkje forekomme.

Enkelte vareleverandører av komponenter har kjøreruter som gjer at det vil komme lastebil til byggeplassen frå kl 04.00.

Byggeplassen vil alltid vere opplyst. Skulle nokon av lysa vere til sjenanse for dykk som naboar, vil vi prøve å tilpasse lysretningen slik at den er til minst mogleg sjenanse.

Som byggeherre ber vi om forståing for at det blir noko aktivitet som kan vere plagsam, men vi skal gjere alt vi kan for å unngå unødig støy og støv.

Dersom det er spørsmål så ta kontakt med meg på telefon 46 94 07 39 eller e-post: oivind.langseth@oystre-slidre.kommune.no

 

Øystre Slidre kommune ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

 

Øivind Langseth

 

 

(Informasjonsskrivet er sendt ut til naboar til byggeplassen)